Brit Bildøen på første CAN

Innleiing på første samling i CAN 25. april

I fjor gav eg ut ein roman som godt kan få merkelappen miljøroman, sjølv om Adam Hiorths veg også er ein slags road-movie i romanform, og ein roman om eit vennskap mellom to svært forskjellige menn. Som forfattar meiner eg at eg alltid har tatt opp samfunnsspørsmål i bøkene mine, sjølv om dei i hovudsak kan seiast å dreie seg om identitet og relasjonar. Men kanskje har det politiske vore meir subtilt i mine tidlegare bøker enn det som er tilfelle i alle fall i denne siste romanen.

Eg meiner ikkje at kunstnaren har eit bestemt ansvar, og meiner det er feil å stille krav om at alle kunstnarar skal engasjere seg samfunnsmessig og politisk og la kunsten spegle dette engasjementet. MEN – vi har muligheit til å gjere det, og det at vi kanskje har større og fleire muligheiter enn mange andre aktørar, gjer at vi bør tenke over om vi kan og korleis vi kan gripe inn i samfunnet rundt oss – eller la samfunnet rundt oss få gripe inn i våre verk, slik det ofte gjer. Eg synest at mi kunstnargruppe, forfattarane, er flinke til å vise korleis folk blir påverka av samfunnsforholda. Mange bøker som ikkje er direkte politiske speglar på ein suveren måte tidsånda. Det forfattarane kanskje ikkje er så flinke til, er å analysere og prøve å vise kvifor det er slik. Kvifor føler så mange romanpersonar seg så elendige? For har du ei viss oversikt over norsk samtidslitteratur, så veit du at svært mange av dagens romanar krinsar rundt ubehaget i kulturen.

Bildøen CAN 25 5

Og etter kvart vil vi få sjå at forfattarane kanskje også vil bry seg meir om ubehaget i naturen. I desse dagar ser eit grønt forfattarnettverk dagens lys. Og eg håpar at denne gruppa og CAN kan få til eit godt samarbeid. Det finst også eit klimanettverk, starta av forfattar Aleksander Melli, der fleire forfattarar har engasjert seg. Dei gav ut antologien SNU i fjor. Eg trur desse nettverka kan få kunstnarar til å sjå at det er muleg å engasjere seg på fleire plan. Ikkje berre er det mange muligheiter for å behandle presserande tema litterært, men ein kan også engasjere seg som menneske og samfunnsborgar, og bruke sitt gode namn og rykte til å fronte ting vi meiner er viktige. Forfattarane har allereie ein talarstol – og fleire viss dei ønskjer det. Dersom ein kjent forfattar sender inn ein kronikk til ei avis eller kastar seg inn i ein debatt, så blir det rydda plass på sidene eller i radio- og tv-studio så fort som berre det. Dette privilegiet kan vi utnytte betre enn vi gjer i dag!

Eg har alltid vore eit politisk menneske, men mitt engasjement har ikkje vore så synleg i offentlegheita. Eg har brukt tid på både det å finne ein måte å behandle samfunnstema litterært, og det å våge å bli tydeleg på min politiske ståstad. Litterært sett er det viktig å ha ein kunstnarisk impuls til grunn – for vil ein formidle informasjon eller levere argumentasjon så kan ein heller skrive ein artikkel eller ei fagbok. Politisk sett har eg, som mange andre kunstnarar, begge beina planta i tvisyn og ambivalens, – da er det ikkje så lett å gå ut med klar tale. Men når det gjeld klima- og miljøspørsmål og spørsmål om ytringsfridom og menneskerettar, er det ikkje mykje ambivalens att i meg. Og slik trur eg fleire har det no.

Det aller viktigaste kunstnarar kan gjere, er å bli synlege med desse standpunkta, på den eine eller den andre måten. Det er viktig at den folkelege uroa over politikaranes manglande vilje til å møte dei enorme klimautfordringane blir synleg og uttalt. Jo fleire som engasjerer seg, og frå fleire hald dette engasjementet kjem til uttrykk, jo større støtte gir det til dei politikarane og samfunnsaktørane som er opne for å legge om kursen.

Brit Bildøen

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s